print logo

Johan Daniel Berlin

Prosjektet Johan Daniel Berlin: Complete Works vart starta opp våren 2015 og går no, i november 2016, inn i ein avsluttande fase. Halvor Hosar er ansvarleg for dette prosjektet. Han er snart ferdig med kjeldegransking og editering av alle verk Berlin har komponert. Ein katalog over verka og kjeldene er tilgjengeleg her på desse sidene.

Portrett av J. D. Berlin (Biletet er Det kongelige Norske Vitenskapelige Selskap sin eigedom. Foto: Ringve Musikkmuseum)

Johan Daniel Berlin (1714-88) var fødd i den prøyssiske byen Memel (kjend frå fyrsteverset av Deutschlandlied – no Klaipėda i Litauen), men er meir enn noko kjend som trønder. I 1739 flytta Berlin til Trondheim, der han var stadsmusikant og organist i både Vår Frue og Nidarosdomen, men på same tid tente andre samfunnsfunksjonar som arkitekt og brannsjef. Han skreiv vidt og breitt innanfor mange vitskaplege felt, mellom anna boka Musicaliske Elementer, som er rekna som den fyrste norske musikkmonografien. Blant verka hans finn ein den fyrste norske fiolinkonserten og dei fyrste norske symfoniane.

Der er uvisst kor mykje musikk Berlin eigentleg skreiv, men berre ei relativt lita samling verk har overlevd. Det meste av musikken hans var publisert av Bjarne Kortsen i 1977, men då denne utgåve ikkje er å få tak i meir blei Berlin innlemma i Musikkarvprosjektet som eit pilotprosjekt innan tidlegmusikk. Sidan Kortsen har ein òg blitt kjend med fleire nye kjelder, og noko ny musikk.

I denne utgåva har alle aspekt ved noteteksta blitt gått gjennom på ny. Denne utgåva freistar å gje ei notetekst som ligg nær det originale, og å leia utøvarar gjennom ulike måtar dette kan bli framført på. Mange av klaververka har overlevd i ulike variantar, og alle desse blir presentert i denne utgåva, slik at utøvaren kan samanlikne dei og velje kva for utgåve som passar ein best.

Berlin-utgåva inneheld fylgjande bind:

1: Tre sinfoniaer
2: Fiolinkonsert
3: Klaververk

  • Ein sonatina (eigentleg ein suite) i d-moll for klaver i to utgåver
  • Ein allegro for klaver
  • Ein arie for klaver i to utgåver
  • Sju menuettar for klaver i totalt 20 variantar (fyrsteutgjeving for ein av menuettane)
  • Tre småstykke for melodiinstrument (fiolin? fyrsteutgjeving)

Det er planar om ein serie med verka til Berlin-sønene Johan Henrich og Johan Andreas Berlin.

 

Publisert 2. mai 2015 12:32 - Sist endret 18. des. 2016 10:02