Kva er den fyrste norske symfonien? Sidan vi ikkje har stort av musikkultur frå dansketida, skulle ein tru at Kultur-Noreg femna om dei fem symfoniane til Berlin-familien i Trondheim:
Vi har att tre av Johan Daniel (1714–1787), to av Johan Henrich (1741–1807). Ein veit ikkje sikkert kven av symfoniane til Johan Daniel som er den eldste, men helst er det den som er kalla hans andre, som både har minst orkester og enklast form.
Dette er likevel eit fargesprakande verk som utmerkar seg ved bruken av instrumentet zink. Symfonien er faktisk det siste 1700-talsverket med ei virtuos zink-stemme, og slik eit monument både i norsk og i europeisk historie.
Fleire syndarar
Likevel eksisterer det ei oppfatning av at Otto Winter-Hjelm (1837–1931) var den fyrste norske symfonikaren. Dette har særleg vore formidla etter at KORK spela inn den fyrste symfonien hans (1861) i 2020. ...
Les hele innlegget her: Forskersonen.no, 22. juni 2025
