KVA ER ORIGINALEN? - FIRE SVENDSENGÅTER

Johan Svendsen instrumenterte mange verk av andre komponistar. Til fire av desse instrumentasjonane har vi ikkje klart å finne ut kva som er originalen, og kvar kjeldene til denne originalen er i dag. Er det nokon der ute som er i stand til å løyse nokre av desse gåtene?

GÅTE 1:  JSV 12: Bukettvals av J Strauss, orkestrert av Johan Svendsen

Kva kan originalen vere? Er det snakk om Johann den yngre, Johann den eldre, eller kanskje er det Joseph Strauss? Vi har søkt i alle retningar utan å klare å finne originalen. Vi har til dømes spurt Michael Rot i Wien (Strauss-utgaven).


Svendsenmanuskriptet er datert Christiania 24/1-1861 og finnast på Nasjonalbiblioteket:

Her er heile manuskriptet: Mus.ms.5159

 

GÅTE 2:  JSV 49: Andantino quasi Allegretto

Det finnast eit Svendsenmanuskript med tittelen “Andantino quasi Allegretto”, plassert i det same manuskriptet som eit Svendsenarrangement av eit Schumann-verk (Träumerei).

Dette kan vere eit arrangement. Kva er i så fall originalverket? Det kan også vere ein originalkomposisjon.

Svendsenmanuskriptet er udatert og finnast på Nasjonalbiblioteket.

Her er heile manuskriptet: Mus.ms.7888

 

GÅTE 3:  JSV 17: 25 strykekvartettarrangement av Johan Svendsen:

2. Ballet-Musik. (Peter og Lisa[?]) Tydsk .

Vi har trudd at dette må vere syngjespelet «Peter og Lise», med tekst av Frederik Høegh-Guldberg (1771–1852) og musikk av Søren Wedel (1765–1826). Men vi har ikkje funne musikken frå Svendsenmanuskriptet i dei manuskripta til Wedel sin «Peter og Lise» som finnast ved Det Kongelige Bibliotek.

Svendsenmanuskriptet har ulike dateringar frå perioden 1858–1862 og finnast på Nasjonalbiblioteket (Mus.ms.6162)

Her er dei fire kvartettstemmene:

Mus.ms.6162 Violin. I

Mus.ms.6162 Violin. II

Mus.ms.6162 Viola

Mus.ms,6162 Cello

 

GÅTE 4:  JSV 40: Andantino et adagio av Carl von Radecki

Carl Friederich Johannes von Radecki (1842–1885) frå Riga vart innskriven ved konservatoriet i Leipzig som student nr. 878 i 1861. Vi har ikkje funne spor etter trykte utgåver av dette verket. Finnast det nokon stad trykt eller i manuskript?


 

Svendsenmanuskriptet er datert Leipzig januar 1868 og finnast på Nasjonalbiblioteket.

Her er heile manuskriptet: Mus.ms.7885

 

JSV v/Bjarte Engeset 15.05.2014

bjar-eng@online.no

 

Publisert 31. mai 2014 13:47 - Sist endret 14. mai 2023 19:50